Skulebibliotek i Norge. Kartlegging av skulebibliotek i grunnskule og vidaregåa...

Skulebibliotek i Norge. Kartlegging av skulebibliotek i grunnskule og vidaregåande opplæring

Forfatter(e):

Johan Barstad, Ellen Hjortesæter, Barbro Østlie, Ragnar Audunson

Utgiver:

Møreforsking

Oppdragsgiver:

Utdanningsdirekoratet

Rapportnr:

204
|

Isbn/Issn:

978-82-7692-268-4

Publikasjonstype:

Arbeidsrapport
|

Sidetall:

181

Nøkkelord:

Kompetanse,  Grunnskule,  Vidaregåande opplæring 
Kartlegginga er ledd i oppfølginga av departementet sin tiltaksplan "Gi rom for lesing!" og skal kartlegge kompetanse i bruk av skulebibliotek, tilgjenge og korleis skulebiblioteket vert brukt av elevar og lærarar.

Arbeidet vart gjennomført som ei representativ breiddegransking av skulebibliotek i grunnskule og vidaregåande opplæring der både skuleleiarar, skulebibliotekansvarlege, lærarar og elevar vart gjeve høve til å delta. Vidare vart det gjennomført ein djupnestudie av eit mindre utval skulebibliotek.
 
Sentrale problemstillingar som vert drøfte i rapporten er m.a.:
  • Faktisk situasjon for skulebiblioteka, bemanning, kompetanse m.v.
  • Bruk av skulebibliotek – korleis gjer ulike grupper seg nytte av det, i kva grad dekkjer det behova?
  • Biblioteket sine roller. Ulike roller for ulike brukarar?
  • Kompetanse i bruk av skolebibliotek.
  • Opplæring av ulike brukargrupper.
  • Læreplanen si betydning. 
  • Biblioteket sin plass i det pedagogiske landskapet.
  • Planlegging som verkemiddel for å utvikle biblioteket.
Resultata er meint å gå inn i arbeidet med vidare utvikling av tiltak og aktivitetar både nasjonalt og lokalt.