Små butikkar, store utfordringar. Nærbutikken som utviklingsaktør i små samfunn

Små butikkar, store utfordringar. Nærbutikken som utviklingsaktør i små samfunn

Forfatter(e):

Finn Ove Båtevik, Unni Aarflot, Lars Julius Halvorsen

Utgiver:

Møreforsking

Oppdragsgiver:

Merkantilt kompetanseprogram for utkantbutikkane i regionane (MERKUR)

Rapportnr:

211
|

Isbn/Issn:

978-82-7692-274-5

Publikasjonstype:

Arbeidsrapport
|

Sidetall:

83

Nøkkelord:

Lokalsamfunnsutvikling,  Bustadsattraktivitet,  Distriktspolitikk,  Nærbutikk,  Næringsutvikling 

Hovudmålet med undersøkinga har vore å auke kunnskapen om utkantbutikkane og den rolla dei har i lokalmiljøet. Bakgrunnen for studien er at Merkur ønskjer å vidareutvikle og innrette programmet sitt arbeid på best mogleg måte. Studien har særleg sett på dei utviklingsorienterte butikkane, ikkje minst dei butikkane som har fått til eit rimeleg godt samspel med eigen kommune. Dei nye drivarane er eit anna viktig tema i studien.Drivarane tek ofte på seg ei krevjande rolle, der dei engasjerer seg både i utviklinga av butikken og bygda. Støttespelarane er viktige. Kommunen kan vere ein slik støttespelar. Det er likevel eit mindretal av butikkdrivarane som opplever at kommunen fungerer i ei slik rolle. Dei mest vellukka døma på samarbeid mellom kommune og nærbutikk er prega av at kommunen ser utviklinga av nærbutikken og bygdeutviklingsarbeid som to sider av same sak. Kanskje er det behov for at andre også ser butikken i ein slik samanheng, anten dette er fylket eller andre som driv bygdeutviklingsarbeid?