Studiestadane har hatt stor tilstrøyming av nye studentar i perioden etter tusenårsskiftet. Denne veksten har samanfall med auke i ungdomskulla. Det er likevel meir enn tilgang på fleire ungdomar som har gitt auke i studenttala. Det gjeld også Høgskolen i Ålesund. Høgskulen har heilt klart auka rekrutteringa av nye studentar i dei yngste aldersgruppene, men rekrutteringa er vel så prega av at skulen greier å fange opp fleire kandidatar nasjonalt, som av regionale endringar i storleiken i ungdomskulla. Høgskolen i Ålesund rekrutterer framleis mykje regionalt, men har altså relativt sett vorte mindre avhengig av rekruttering av ungdom frå eigen region. Dette er ei viktig endring, ikkje minst fordi det kan gi høgskulen betre føresetnader for å møte dei utfordringane minkande ungdomskull i åra framover kan kome til å gi.