Formålet med dette notatet til KRD-REGA er å presentere argument for og mot samordning
av 60- og 61-midlane under kapittel 551. Utfordringa er at medan desse to postane er nesten
like store i dag, vil gjeninnføring av differensiert arbeidsgivaravgift i større delar av landet
medføre at 61-posten vesentleg vil gjelde avgrensa område i Sør-Norge. I dette notatet vil eg først drøfte nærare kunnskap om regelverk, bruksmåtar og erfaringar knytt til middelbruken ut frå ulike utviklings- og planleggingsperspektiv, for deretter å kome med ein del tilrådingar knytt til bestemte forutsetningar.