Tidleg intervensjon og forebygging. Evaluering av eit samarbeidstiltak mellom Psykisk helsevern for barn og unge ved Volda sjukehus og helsestasjonane i regionen
Rapporten er tufta på ei evaluering av eit tiltak som er sett i verk av psykisk helsevern for barn og unge (BUP) ved Volda sjukehus. Tiltaket fokuserer på tidleg intervensjon og forebygging retta mot dei minste barna (0-4 år), og satsinga skjer mellom anna ved at BUP aukar samarbeidet med helsestasjonane i deira region. Evalueringsprosjektet er finansiert med FoU-midlar frå Samarbeidsorganet i Helse Midt-Norge. Midlane er retta mot å styrke samarbeid mellom høgskulane og helseforetaka.