Denne rapporten inneheld resultata av forprosjektet initiert av Cand. Speke. Cand. Speke er eit samarbeid mellom Ole Ringdal AS, Stranda Spekemat, Tind Spekevarer AS, Stranda kommune og Stranda vidaregåande skule/Storfjord Kompetanse. Dette samarbeidet tek utgangspunkt i felles utfordringar knytt til rekruttering til vidaregåande skule og lokale produksjonsbedrifter innafor industriell matproduksjon, og eit felles ønskje om å etablere eit kompetansesenter for spekevarer på Stranda.
Forprosjektet er for det meste basert på erfaringar og refleksjonar frå 10. klassingane i Stranda kommune, men også refleksjonar som elevar og lærarar ved Stranda vidaregåande skule har gjort seg omkring studie- og yrkesval. Desse skal ha ei stor takk for at dei stilte opp. Det same gjeld rektorar og involverte lærarar ved dei to ungdomsskulane, som la til rette for å gjennomføre undersøkinga.