Velferdsundersøkinga 2011 ved Høgskulen i Volda

Velferdsundersøkinga 2011 ved Høgskulen i Volda

Forfatter(e):

Cecilie Rørstad

Utgiver:

Møreforsking Volda

Oppdragsgiver:

Høgskulen i Volda

Rapportnr:

8/2011
|

Isbn/Issn:

ISSN 1851-5973

Publikasjonstype:

Notat
|

Sidetall:

29

Nøkkelord:

Utdanning,  Livskvalitet,  Studentvelferd,  Studietilbod,  Trivsel 
 
Målet med undersøkinga har vore å avdekkje korleis studentane opplever studiekvardagen i Volda og at studentane skal verte gitt høve til å kome med forslag til tiltak for å betre studiekvardagen. Det er låg svarprosent på undersøkinga totalt sett. Det er usikkert kva som er årsaka til dette.
 
Generelt er det overvekt av dei som har svart som seier at dei trivest svært godt eller godt ved HVO og på fritida i Volda. Det same gjeld i kva grad dei vil anbefale andre å studere ved HVO. Det ser også ut til å vere internett som har vore hovudkjelda til  informasjon om studiet deira. I den grad studentane har hatt behov for meir informasjon om HVO har dei vore fornøgde med informasjonen dei har fått når dei har vendt seg til Sørviskontoret.
 
For dei andre spørsmåla som er stilt, er det svært få av studentane som har kryssa av for dei mest negative svaralternativa. Det er i hovudsak inneklima som peikar seg ut som det studentane er minst fornøgde med.
 
I forhold til korleis studentane vurderer kva moglegheit dei har for å påverke studiekvardagen, er det nesten halvparten av dei som ikkje bur i Volda/Ørsta som ikkje veit dette.