Notatet ”VRI som innovasjonsfremjande samhandling” oppsummerar erfaringar frå evalueringa av VRI Møre og Romsdal. Notatet er eit samandrag av dei funna som er gjort til juni 2010. Framstillinga er delt i fem delar, der tema er: 1)Den regionale VRI- organiseringa, 2) VRI sett frå bedriftene, 3) VRI, kompetanse og rekruttering, 5) Kva er forankring av regionale utviklingstiltak? 5) Innovasjon, nærhet og avstand mellom aktørene i VRI Møre og Romsdal.
Notatet er basert på forskingsprosjektet ”Nye arbeidsmodellar for innovasjonsfremmande samhandling i Møre og Romsdal” som har vore organisert som ei følgjeevaluering av hovudprosjektet i VRI Møre og Romsdal. Evalueringa er gjennomført av Møreforsking i Volda. Prosjektet starta opp hausten 2007 og har fungert som eit korrektiv til hovudprosjektet i VRI Møre og Romsdal, i tilleggg til å levere akademiske publikasjonar. Prosjektet er finansiert av Forskingsrådet og Møre og Romsdal fylkeskommune.