1519 Forvaltningsrevisjon av ferjeanboda i Møre og Romsdal
1519 Forvaltningsrevisjon av ferjeanboda i Møre og Romsdal
Forfatter(e):
Hilde Johanne Svendsen, Falko MüllerUtgiver:
Møreforsking Molde ASOppdragsgiver:
Møre og Romsdal fylkeskommuneRapportnr:
1519Isbn/Issn:
978-82-7830-248-4 (trykt), 978-82-7830-249-1 (elektronisk) / 0806-0789Publikasjonstype:
RapportSidetall:
63Kostnadsutviklinga for ferjekontraktane frå 2010 til 2014 har vore på 9 prosent dersom vi ser bort frå Volda-Folkestad, som var fylkesvegferje i eitt år (2014). For perioden 2010 til 2016 kan det sjå ut til at vi vil få ein kostnadsauke på 34 prosent. Bakgrunn for kostnadsutviklinga for ferjekontraktane i Møre og Romsdal er todelt. Dette er kostnadsutviklinga i ein kontraktsperiode, og kostnadsutvikling som følgje av oppstart av ny kontrakt. Konsekvensane for fylket på samferdselsområdet kan vere at ekstraløyvingar til vedlikehald på vegnettet må brukast til å finansiere ferjedrifta, og det kan bli nødvendig å redusere investeringsnivået for å halde oppe driftsnivået. Nivået på inntektsbortfall som følgje av elbiler vil kunne vere i intervallet 260 000 til 1 500 000 for 2014. Det er grunn til å tru at nivået er nærare minimumsnivået.
Minstestandarden
er oppfylt for 40 prosent av fylkesvegferjesambanda i fylket, noko som utgjer
50 prosent av ÅDT PBE (årsdøgntrafikk i personbileiningar).
Dei etablerte rutinar for avvikshandtering ser ut til å vere tilstrekkelege på dei områda der det er etablert rutinar. Det er i kapittel 9 forslag til vidareutvikling av eksisterande rutinar og forslag til kva rutinar som i tillegg bør utarbeidast.
Eit system for samla og oversiktleg informasjon om ferjekontraktane bør etablerast.